Ingvill Marit Buen Garnås er kvedar, naturforvaltar og dagleg leiar av Kulturlandskapssenteret i Hjartdal. Denne dagen inviterer ho på ei lita vandring med forteljing og song i Kyrkjebygda. Blant postane på programmet er bondeopprøret, prestefamilien Finckenhagen sitt møte med folkeminnesamlarane, samt landskaps- og bygningshistorie. Fylkesblomen og raudlistearten Systermarihand er i bløming på denne tida, og vil få ein eigen post sist på programmet!
Dei som ynskjer det kan etter dette gå stien Hjartdal-Svartdal (Bøllås-Blika). Her vil m.a. Olav Tho og andre lokalkjende hjartdølar fortelje om gamle buplassar og hende lans vegen. Det blir busstransport opp til Bøllås og attende frå Svartdal.
Tid og stad:
Oppmøte ved Hjartdal Kyrkje kl. 13.00.
Kort vandring nede i Kyrkjebygda før kaffe-pause på Sud-Hovland ca. 14.30
Buss til Myljom-To/Lauvingslia og Bøllås/Systermarihandenga etter pausa.
Buss ned att til kyrkja kl. 16.30, for dei som ikkje ynskjer å vera med å gå Bøllås-Blika.
Buss frå Blika til kyrkja kl. 18.30
Tak med gode sko og drikke til turen!
Dersom det er særs dårleg ver, blir det halde eit alternativt kortare program på Gamleskulen, like ved kyrkja.
Billettar: 150 kr / 100 kr (u. 20 år) inkl. enkel servering.