Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Kulturlandskapsseminaret 2009: Bruk og vern av seterlandskap - 12. juni i Svartdal

Temaet for årets seminar er seterlandskapet og forvaltingsmessige utfordringar når det gjeld å legge til rette for vern gjennom bruk.  Det blir sett fokus på kulturlandskapstematikk i skjeringspunktet mellom landbruk, miljø- og kulturminnevern. Seminaret er mynta på deg som arbeider med arealplanar, landbruk, miljø- eller kulturminnevern på kommunalt eller regionalt nivå, gardbrukarar og andre interesserte. Faldar kan de laste ned ved å klikke her.

Fra Finnvollen, Tuddal. Foto: www.kulturlandskapspleie.no.


Seminaret er ein del av Prosjekt Kulturlandskap, eit samarbeid mellom Kulturlandskapssenteret, Slåttefestivalen og Norsk Kulturarv, med stønad frå Landbruks- og matdepartementet. Kulturlandskapssenteret er arrangør. 

PROGRAM

9-10
Oppmøte/Registrering. Kaffe/rundstk.
10-12
Seterlandskap i endring. Utviklingstrekk og morgondagens moglegheiter.
10.00
Setra og fjellets rolle i det gamle kulturlandskapet

- Utvikling og status av seterbruken i Noreg

- Kulturelle, økologiske og økonomiske verdiar

Attgroing og landskapsendringar

- Årsaker til landskapsendringar som f. eks klimaendringar, attgroing,
hyttebygging, vern m.m.

- Konsekvensar av landskapsendringar for biologisk mangfald, beiteverdi av utmarksbeite, reiseliv, kulturmiljø m.m.

Føredrag ved Anders Bryn, Norsk institutt for skog og landskap / Høgskolen i Hedmark
11.00
Setring og utmarksbruk - Musealt eller framtidsretta?

- Fjell og utmark som økologisk ressurs, framtidsutsikter

- Økonomiske verkemidlar og politisk utvikling

Føredrag ved John Petter Løvstad. ass. gen.sekretær, Norsk Bonde- og Småbrukarlag
12-13
Fjellgardslunsj
13-14
Seterbebyggelse frå farne tider. Vedlikehald og bruk.  

Kva type bygningsmessige tiltak gagnar setermiljøet som kulturlandskap?

- Kva er god og kva er dårleg restaurering?

- Utfordringar ved påbygg, nybygg og bruksendring (uthus til innhus)

Føredrag ved Arnt Magne Haugen, Riksantikvaren.
14-15
Kulturlandskap på alles tunger. 

Kulturlandskap og tverrfagleg samarbeid

- Landbruks- , miljøvern- og kulturminnevernforvaltinga har samanfallande interesser i kulturlandskapet, så også i ivaretaking av seterlandskapet. Korleis kjem dette til uttrykk i plansamanheng? Døme frå Telemark, Buskerud og Oppland.

Føredrag ved Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret.
15-16
Frå ein seterbrukars synsvinkel.

Den veit best kvar skoen trykkjer, som har den på!

- Kvifor og korleis setrar me i dag?

- Kva skal til for at me fortset?

Føredrag ved Nanfrid Røysland og Ingebjørg Håvarsrud, Norsk Seterkultur/Budeieveven
16
Avrunding og vel heim, eller vidare på Slåttefestivalen!








Fra Finnvollen, Tuddal. Foto: www.kulturlandskapspleie.no.
Seminaret kostar kr 1500,- pr. deltakar
Giro sendast ut etter påmelding.

Påmelding innan 15. mai til:
Kulturlandskapssenteret
Bygdesentralen
3690 Hjartdal
e-post: post@kulturlandskapssenteret.no
tlf.:  35024067

Faldar kan de laste ned ved å klikke her.

Meir om Slåttefestivalen, sjå www.slattefestivalen.no
Meir om Lien Fjellgard, sjå www.lien-fjellgard.no

Fra Finnvollen, Tuddal. Foto: www.kulturlandskapspleie.no.