Årets elevar kjem frå Hjartdal, Sauland, Tuddal, Svartdal, Flatdal og Langlim. I tillegg til undervisninga skal dei gjera intervju med gardbrukarar i bygdene sine. Intervjua blir offentleggjorde i ei nettutstilling på våre nettsider, samt utstilte under Slåttefestivalen 13. juni 2009.
I samband undervisninga gjennomfører me også utferder i typiske kulturmarker som beite- og hagemark, slåtteeng og lauvingslier.
Elevane i 7. klasse i Hjartdal og alle 8. klassingane i Hjartdal kommune skal i tillegg lære å bruke ljå. Det er Bent Nilsen (Sande i Vestfold/Tuddal) som skal vera med oss som instruktør på kursa.
Slåtteenga er Noregs mest artsrike naturtype, og saman med vegkantane utgjer dei uunnverlege levestader for både vanlege og sjeldne engartar.
Truslar mot ivaretaking av kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet ein finn her, er attgroing, oppdyrking, nedbygging (tettstader, byar, vegar), samt innføring av framande artar, m.a. lupin. I dalbygdene våre er det vel helst det fyrste, attgroing, og det siste, lupin, som er dei mest aktuelle truslane, og som me har sett fokus på.
Undervisningsopplegget er utvikla på midlar frå Landbruks- og matdepartementet, og er del av Prosjekt Kulturlandskap, eit samarbeid med Slåttefestivalen og Norsk Kulturarv. Det vil vidareførast med stønad frå LMD også dei neste to åra, og det er aktuelt å ta inn fleire skular i nærområdet. Opplegget kan også tilpassast undervisning elles i landet. Utferder og slåttekurs kan ev. også gjennomførast lokalt.
Med i 2009:
5. - 6. klasse på Flatdal skule (elevar frå Svartdal, Flatdal og Langlim).
5. - 7. klasse på Hjartdal skule.
8. klasse i Hjartdal kommune (elevar frå Hjartdal, Tuddal og Sauland).