Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen var den 27. oktober til Vågå for eit møte med Norsk Kulturarv. På grunnlag av drøftingar i møtet blei det utforma ei avtale, som no er godkjent i alle dei tre respektive styreorgana. Arbeidet kan dermed starte, noko Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen ser fram til! Her er innhaldet i avtala:
- Slåttefestivalen får 87.000 kr pr år i 3 år m.a. til nettverksbygging (NM i ljåslått) og marknadsføring.
- Kulturlandskapssenteret får 45.000 kr pr år i 3 år til eit undervisingsopplegg/temaprogram for born og unge i tilknyting til Slåttefestivalen. Planen er å tilby skulane i Hjartdal og Seljord eit opplegg med undervisning og elevoppgåver på vårparten, som kan leie fram mot utstillingar og/eller aktivitetar under festivalen. Overføring av tradisjonskunnskap knytt til kulturlandskapet, og møte mellom generasjonar vil stå sentralt.
- Kulturlandskapssenteret får også 40.000 kr pr år i 3 år til eit fast fagseminar knytt til Slåttefestivalen.
- Kulturlandskapssenteret får i tillegg 35.000 kr pr. år i 3 år til vidare arbeid med
www.kulturlandskap.net Kulturlandskapssenteret har til no levert både disposisjon og det meste av det faglege innhald på sida. Nettsida har opphav i kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal ved Ole Per Schei, og blei i si tid donert til Norsk Kulturarv av Fylkesmannen i Telemark.
Foto: Frå v. Harald Særsland (styreleiar SF), Olav Tho (styreleiar KLS), Grete Horntvedt (direktør NK), Leif-Harald Langåsdalen (programnemndsleiar SF), Ingvill Marit Buen Garnås (dagleg leiar KLS) og Mathias Øvsteng (NK).