Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Prosjekt Kulturlandskap - Eit krafttak for kulturlandskapet

Norsk Kulturarv, Kulturlandskapssenteret i Telemark og Slåttefestivalen fekk i 2006 midlar frå Landbruks- og matdepartementet til eit samarbeid over ein treårsperiode, ”Prosjekt Kulturlandskap”. Sluttrapporten kan de lesa her.

Slåtteenga i fokus
Internettportalen www.kulturlandskap.net blei relansert på den internasjonale biomangfalddagen 22. mai 2008. Under Slåttefestivalen 13.-14. juni 2008 stod slåtteeng og biologisk mangfald i høgsetet, med faglege tilbod for alt frå statleg forvalting til born og unge!

I veka før festivalen gjennomførte Kulturlandskapssenteret ”Aksjon plukk lupin” i samarbeid med Hjartdal Skule. Den svartelista lupinen eit stadig aukande problem i vegkantar, og fortrenger no også engblomar i kulturlandskapsbygda Hjartdal. Med aksjonen ynskte senteret å auke kunnskapen om slåttengas økologi og kor viktige vegkantane er for å ivaretaka engfloraen vår. Ein måte å redusere omfanget av lupin på, er å slå den før den frør seg og fjerne avfallet. Det krevjast evt. ein fleirårig innsats. Lokalavisene støtta opp om aksjonen med fine omtaler (les her). Det er elles å vone at aksjonen blir følgd opp med kraftigare og meir langsiktige tiltak. Lupinen må slåast, no!

Festivalfredagen var det duka for temadag om slåtteeng og urterike vegkantar. Slåtteenga er vår mest artsrike naturtype og eitt av våre viktigaste kulturminne. Det er slåtteenga som er ”blomeenga”, og såleis handlar det også om estetisk verdiar i kvardag og reiseliv. Dagen var lagt opp som eit møte mellom forskar, gardbrukar, forvaltar og ”folk flest”. Frå Bioforsk stilte Ann Norderhaug, m.a. kjend for sitt doktorgradsarbeid på urterike slåtteenger i nabobygdene Hjartdal og Svartdal. Gardbrukar og kulturlandskapsarbeidar Bent Nilsen utdjupa problematikken sett frå næringa sin synsvinkel. Seljord og Hjartdal kommunar var representerte med omsynsvis landbrukskontor og teknisk kontor. I tillegg stilte Fylkesmannens landbruksavdeling og Statens Vegvesen.

Ei av hovudutfordringane med forvalting av slåtteengene og deira biologiske mangfald, er mangel på kunnskap om engas økologi og tradisjonelle skjøtsel. Fleire burde difor ha nytta seg av dette tilbodet, ikkje minst dei kommunale landbrukskontora som forvaltar den viktigaste stønadsordninga i samanhengen, SMIL (Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap). Etter kvart som det blir stadig færre slåtteenger og avstanden mellom dei aukar, får vegkantane ei viktigare rolle som tilhaldsstader og spreiingskanalar for den norske engfloraen. Her ligg utfordringane i å framskaffe rett utstyr for kantslått, med skjeremekanismar i staden for knusing, samt oppsuging av biomasse. Det ideelle er slått etter 10. juli, evt. med ein tilleggsslått med høgt skjer på forsommaren. 

Bioforsk/Ann Norderhaug og Kulturlandskapssenteret/Ingvill Marit Buen Garnås har elles samla viktige fagkunnskapar og historie kring slåtteenga i temautstillinga ”Slåtteenga - i går - i dag - i morgon”. Utstillinga var klar til fjorårets Slåttefestival. Utstillinga er ein 8-siders messevegg, og kan tingast til andre arrangement.

I tillegg til utstillinga hadde Kulturlandskapssenteret i år laga ei kulturlandskapsløype for born og unge, med ulike tema innanfor kulturlandskap. TINE stilte med deltakarpremiar og tilleggspremie for tre med ”full pott”. Kulturlandskapssenteret fekk mange gode attendemeldingar på denne formen for kunnskapsspreiing i ein elles hektisk festival.

Kulturlandskapssenteret arrangerte også kortkurs i ljåslått med Bent Nilsen. Her fekk ein lære å slipe ljå, setja opp og bruke langorv. Det blei mellom anna fokusert på skilnader mellom gamle ljåblad og dei ein får handle på butikken. Kurset var slik lagt opp at forbipasserande kunne stoppe og låne øyre til praten ved slipesteinen. Røynde ”gamlekarar” og nysgjerrige unge kom i prat. Formen fungerte veldig fint, og eit titals iherdige ungdomar lærde seg også kunsten frå A til Å. Dette er handlingsboren kunnskap som må gjerast for å lærast!

Med lansering av www.kulturlandskap.net og fullføring av fagtilbod under Slåttefestivalen 2008, er samarbeidet mellom Norsk Kulturarv, Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen under prosjekttittelen ”Prosjekt Kulturlandskap” ved vegs ende for prosjektperioden 2006-2008. Samstundes har me fått på plass mange fagtilbod som kan nyttast i det vidare, og gjerne vidareutviklast. Takk til LMD for stønaden, og takk til Norsk Kulturarv og Slåttefestivalen for samarbeidet, så langt!

Kulturlandskapssenteret
Ingvill Marit Buen Garnås
Dagleg leiar






Undervisning om enga og den fæle lupinen
Unge Hjartdølar i aksjon for å fjerne lupin