Norsk Kulturarv eig og driftar www.kulturlandskap.net. Nettstaden er utvikla i samarbeid med
Kulturlandskapssenteret i Telemark som ein del av Prosjekt Kulturlandskap, eit samarbeid mellom Norsk Kulturarv, Kulturlandskapssenteret og Slåttefestivalen med midlar frå Landbruks– og matdepartementet (2006–2008).
Norsk Kulturarv overtok portalen frå Fylkesmannen i Telemark i 2005, og har det redaksjonelle ansvaret for sida, medan Kulturlandskapssenteret har levert artiklar og anna fagstoff. Portalen skal elles vera ein nettverksskapar eller ein "peikar" som introduserer arbeid og informasjon frå andre.
Intensjonen med sida er å samle og formidle fagstoff om kulturlandskap. Vidare ynskjer me å gjera det lettare å finne fram til rett forvaltingsinstans, relevante tilskotsordningar, forskar– og utdanningsinstitusjonar, litteratur og data, aktuelle prosjekt og aktivitetar.
Portalen har fire målgrupper. Desse er gardbrukaren, forvaltinga, skuleverket og kundegruppa ”glad i naturen”. Ved å legge lista på eit populærvitskapleg nivå, vonar me å treffe alle gruppene. Dei som ynskje å gå djupare i fagstoffet, kan orientere seg vidare til lenker av meir formell og/eller vitskapleg karakter.