Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Temadag om slåtteenger og blomerike vegkantar 13. juni 2008

Kulturlandskapssenteret held temadag om slåtteenger og blomerike vegkantar 13. juni på Lien Fjellgard i Svartdal (Seljord kommune). Temadagen er ein del av Kulturlandskapssenterets tilbod knytt til Slåttefestivalen i Hjartdal 13.-14. juni. Dagen er forma som eit møte mellom forskar, gardbrukar og forvalting. Medverkande er m.a. Ann Norderhaug, med dr.grad på slåtteenger i området. Kurset er mynta på kommunalt tilsette innan landbruk og miljø, og elles alle med interesse for kulturlandskap.

Foto: Gunhild Geirsta
Ann Norderhaug er forskingssjef på kulturlandskap i Bioforsk. Ho er ein av grunnleggjarane bak Kulturlandskapssenteret i Telemark AS, der ho også er styremedlem. Ho tok dr.graden sin på dei artsrike slåtteengene i Hjartdal og Svartdal, og har såleis mykje på hjarta når det gjeld forvalting av desse landskapa. Ho vil saman med Ingvill Marit Buen Garnås frå senteret snakke om verdiar i slåtteengene, dei viktigaste råda for tradisjonell skjøtsel, betydninga av samanhengar i landskapet og vegkantanes rolle for ivaretaking av biologisk mangfald.

Bent Nilsen er gardbrukar frå Sande i Vestfold, med spesiell interesse for kulturlandskapspleie. Han vil snakke om skjøtsel av slåtteenger frå ein gardbrukars synsvinkel og fortelje litt om det årvisse slåttestemne på Ryghsetra i regi av Buskerud naturvernforbund. Deretter slepper det til folk frå landbrukssida i vertskommunane Seljord og Hjartdal, samt Fylkesmannen i Telemark. Desse vil setja fokus på korleis tilskotsordningane SMIL og RMP blir nytta og/eller kan nyttast til forvalting av slåtteenger. Vidare er det sett av ein bolk til diskusjon kring kantslått i samtale med representantar frå teknisk kontor i vertskommunane, samt Statens vegvesen.

Kursfaldar med program kan de laste ned ved å klikke her.

Pris for temadag inkl. matservering: 900 kr / 700 kr (studentar).

Påmeldingsfrist er 1. juni. Giro vil bli sendt ut etter påmeldingsfrista.
Påmelding til post@kulturlandskapssenteret.no eller tlf. 35024067 / 99258391.

Temadagen inngår som ein del av Kulturlandskapssenterets innsats i Prosjekt Kulturlandskap, eit samarbeid mellom Norsk Kulturarv, Slåttefestivalen og Kulturlandskapssenteret, på midlar frå Landbruks- og matdepartementet.




Foto: Gunhild Geirsta