Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Eksklusivt kurs om steingardar: 28.-30. mai i Hjartdal

Kulturlandskapssenteret byd inn til kurs i tørrmuring med vekt på restaurering av steingardar. Eystein Greibrokk vil gje ei grunnleggjande innføring i teknikkar. Kurset blir halde på den gamle gjestgjevargarden Su-Hovland i Hjartdal. Maks 10 deltakarar. Fyrstemann til mylla! Faldar kan de laste ned ved å klikke HER.

Steingardane er viktige element i dei gamle smålendte jordbrukslandskapa. Mange stader er dei i dårleg forfatning, og kunnskapen om vøling og vedlikehald er i ferd med å bli borte.

På dette kurset vil Eystein Greibrokk gje ei grunnleggjande innføring i teknikkar. Fyrste dagen er sett av til teori og synfaringar, andre og tredje dagen til læring i praksis.

Kurset er lagt til Su-Hovland, ein gamal gjestgjevargard i Nordbygda i Hjartdal. I landskapet på og i kring garden fins mange steingardar, murar og røyser i varierande tilstand. Tilhøva ligg såleis godt til rette for lærerike og trivelege dagar i eit levande kulturlandskap. 

Tidspunktet er valt med utgangspunkt i ”håballen”, tida mellom våronna og fyrsteslåtten, da det tradisjonelt sett var tid for førefallande arbeid og vøling av ymist slag.

Maks tal deltakarar er 10 stk. Fyrstemann til mylla!

Kursfaldar med program kan de laste ned ved å klikke HER.

Kurs m. kost: 3000 kr
Kurs m. kost og opphald: 3500 kr

Påmeldingsfrist er 15. mai. Giro sendast ut etter påmeldingsfrist.
Påmelding til post@kulturlandskapssenteret.no eller tlf. 35024067 / 99258391

For meir informasjon om Su-Hovland kan de sjå her.

Kurset er støtta av Fylkesmannen i Telemark.

For gardbrukarar: Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune for ev. stønad til deltaking gjennom SMIL-ordninga (Spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap).