Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Kurs i utvendig restaurering av eldre trehus 19.-20. mai 2008

Kulturlandskapssenteret gjennomførte kurs i utvendig restaurering av eldre trehus på Lien Fjellgard i Svartdal (Seljord kommune) 19.-20. mai. Kurset tok for seg dei viktigaste råda som gjeld vøling av eldre trehus i gards- og setermiljø. Me fekk ein gjennomgang om dei ulike elementa i bygningen ved Aadne G. Sollid og utdjuping av utvalde tema ved Jon Bojer Godal. Me hadde såleis lukkast i å få fatt i store kapasitetar på fagfeltet.

Målgruppa for kurset var sakshandsamarar for SMIL-ordninga i kommunane og interesserte huseigarar og handverkarar. Innimellom teorien var det sett av tid til kulturell underhaldning, praktiske demonstrasjonar og sosialt samvere. Mellom anna blei det vist sponhøvling med hest. Den andre dagen var sett av til synfaring på eit utval bygningar i Hjartdal og Svartdal med handverkarane Tore Gunnar Bratsberg og Arnt Magne Haugen. Andre medverkande var Karl-Erik Gonsholt frå Fylkesmannen i Telemark, Eystein M. Andersen frå Telemark fylkeskommune og Ingvill Marit Buen Garnås frå Kulturlandskapssenteret.

Det var 22 deltakarar, hovudsakleg frå landbrukskontora i Telemark. Buskerud, Vestfold og Agder var også representert.

Kursfaldar med program kan de laste ned ved å klikke her.
Detaljert program kan de laste ned ved å klikke her.

Føredraga:
Eystein M. Andersen (Telemark fylkeskommune) sitt føredrag kan de laste ned ved å klikke her.
Jon Bojer Godal sitt føredrag kan de laste ned ved å klikke her.
Arnt Magne Haugen sitt føredrag kan de laste ned ved å klikke her.
Aadne G. Sollid sine presentasjonar var diverre for tunge å laste opp.

Kurset var utvikla med stønad frå Fylkesmannen i Telemark, og blei marknadsført fyrst og fremst i Telemark, Agderfylka, Buskerud og Vestfold. Kurset er bygd opp kring brosjyra ”Råd og tips om utvendig restaurering av eldre trehus”, eit samarbeid mellom statleg og regional forvalting i Telemark, Aust- og Vest-Agder. Denne brosjyra kan de laste ned her.

Meir info om Lien Fjellgard finn de ved å klikke her.


Høvling av spon. Arnt Magne Haugen og Tore Gunnar Bratsberg i aksjon.
Ole Sigbjørn Bratsberg stablar spon.