I Svartdal, Hjartdal og Bondal finn ein i dag jordbrukslandskap som er mindre påverka av moderne driftsformer enn jordbrukslandskap dei fleste andre stader i fylket. Dei naturlege forholda har gjort utstrakt modernisering vanskeleg, og slik har kulturlandskapet her fått eit naturleg "vern". Utfordringa ligg i å oppretthalde eit aktivt landbruk og samstundes dei tradisjonelle driftsformene.
Bygdene er prega av verneverdige bygningar og tun, steingjerde og andre tradisjonelle gjerdetypar, gamle beitemarker og slåtteenger i hevd, lauvingslier, gamle ferdselsårer osb. Dei urterike slåtteengene representerer eit stort biologisk mangfald som er unike i nasjonal samanheng. Mellom anna finn ein i området Hjartdal-Svartdal landets største førekomst av Systermarihand.