Forside
Forside
Om oss
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Bakgrunn
Organisering
Seminar
Råd om skjøtsel
Økonomiske verkemiddel
Malar og skjema
Spørsmål og svar
Kontaktpersonar
Lenkjer
Litteratur
Lenkjer
Kontakt oss

Bakgrunn

Tradisjonell slåttemark er ei særs artsrik og på same tid sterkt truga naturtype. Utan skjøtsel vil dei dei tradisjonelle slåttemarkene på sikt gro att. Handlingsplan for slåttemark har som mål å sikre eit utval prioriterte lokalitetar av slåttemark gjennom skjøtsel innan 2015. Dette arbeidet er ein lekk i å nå regjeringa sitt mål om å stoppe tapet av biologisk mangfald*.


Systermarihand. Raudlisteart knytt til slåttemark.
Det er Direktoratet for Naturforvalting (DN) som har hovudansvaret for gjennomføring og oppfylgjing av handlingsplanen. Arbeidet blir iverksett gjennom samordning av tiltak og ressursar mellom landbruks- og miljøvernmyndigheitene på fleire nivå.

Det blir teke utgangspunkt i slåttemarkslokalitetane i DN si Naturbase. Alle lokalitetar med verdi A (særs viktig) og B (viktig) skal vera i aktiv skjøtsel innan 2015. Handlingsplanen omfattar både open slåttemark, lauveng (dvs. slåtteenger med innslag av lauvtre som blir hausta til fôr) og slåttemyr. Det er til dels trong for kvalitetssikring av eksisterande data og kompletterande registreringar undervegs. 

Det blir i kvart deltakande fylke arbeidd med å styrke kunnskapen om slåttemark innanfor både landbruks- og miljøforvaltinga og ute blant gardbrukarane. Det blir også arbeidd med å framskaffe kompetanse på utarbeiding av skjøtselsplanar.

Skjøtsel skal gjennomførast ved hjelp av frilviljuge avtaler med grunneigarar. Til grunn for avtalene skal det ligge godkjende skjøtselsplanar utarbeidd i nær dialog og samråd med dei.



Aktuelle lenkjer/dokument:


* Aktuelle føringar vedr. biologisk mangfald:

Under partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i Haag 2002 blei det vedteke eit mål om redusere tapet av biologisk mangfald innan 2010. Dette målet blei forsterka på ministerkonferansen i Kiev i 2003 til å stoppe tapet av biologisk mangfald i Europa innan 2010. Den norske regjeringa har slutta seg til dette målet, jf. St. melding nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Ein har nok ikkje lukkast i å stoppe tapet av biologisk mangfald, men Naturmangfaldlova som kom i 2009 tek opp tråden. Det skal m.a. fastsetjast føresegner om prioriterte artar og utvalde naturtype, deriblant slåttemark. Handlingsplan for slåttemark er den fyrste handlingsplanen for ei naturtype.