Forside
Forside
Om oss
Bakgrunn
Styre og stell
Generalforsamling
Om Svartdal, Hjartdal og Bonda
Biletarkiv
Avisartiklar
Fagleg informasjon
Tenester og tilbod
Aktuelle prosjekt
Utv. kulturlandskap
Hpl. for slåttemark
Lenkjer
Kontakt oss

Bakgrunn

I Hjartdal og Svartdal er det gjennom fleire år blitt jobba systematisk med forskings- og registreringsprosjekt innan kulturlandskap. Prioriteringa områda fekk i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i 1994, gav etter dette inspirasjon til å leggje ned ein samla innsats for ivaretaking av dei særeigne kulturlandskapskvalitetane. Kommunane, fylkeskommunen, Fylkesmannen, Direktoratet for naturforvalting og Riksantikvaren har vore aktive støttespelarar i dette arbeidet. I tillegg har det vore eit sterkt lokalt engasjement.

Fleire overlappande prosjekt har vore med og sett Hjartdal og Svartdal på kartet med omsyn til kulturlandskap:

  • Kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal, Hjartdal kommune (1999-2002)
  • Kulturlandskapsprosjektet i Svartdal, Seljord kommune (2000-2002)
  • Slåttefestivalen (2000 - )
  • Eldhusprosjektet i Hjartdal og Svartdal (2003-2006).

I dei to parallelle kulturlandskapsprosjekta blei det lagt eit grunnlag gjennom systematisk registrerings- og planarbeid, informasjon og haldningsskapande aktivitetar og samarbeid. Det blei fokusert mykje på å få sett i gang konkrete tiltak, både når det gjaldt restaurering og skjøtsel av kulturmark, vøling av gamle hus og tilrettelegging av eldre ferdselsvegar. Slåttefestivalen starta som ein bygdedag i denne fasen. I dag rommar festivalen m.a. NM i ljåslått

Eldhusprosjektet avløyste dei to parallelle prosjekta, og var eit samarbeid mellom Seljord og Hjartdal kommune. Fokuset blei med dette flytt over på næringsutvikling med utgangspunkt i kulturlandskapet. Det blei arbeidd med produktutvikling og profilering av småskala reiseliv, gardsmats- og handverksproduksjon, i tillegg til at ein førebudde grunnen for å få på plass eit fagleg senter for kulturlandskap. Både Telegardar BA og Kulturlandskapssenteret i Telemark AS blei stifta som fylgje av Eldhusprosjektet.

Arbeidet med å sikre kulturlandskapsverdiane har skote fart dei siste 10-15 åra. Det manglar ikkje på innsatsvilje og pågangsmot, men den rette kombinasjonen av teoretisk kunnskap og praktisk røynsle er det gjerne verre med. I Hjartdal og Svartdal har ein arbeidd med kulturlandskapsspørsmål i ei årrekkje, og funne ut eitt og anna undervegs. Kulturlandskapssenteret kan såleis vidareformidle kunnskapar og røynsler opparbeidd over tid, til nytte og glede for alt frå forvalting og forskarar til gardbrukarar og "folk flest".

Relaterte lenkjer: